Auto Europe

  • NORGE
  • Kontakt våre bilutleiespesialister

    BILLIG LEIEBIL I KEFLAVIK

    Leiebil verden over
    Alamo Rental Car
    Avis Car Rental
    Budget Rental Car
    Dollar Car Rental
    Europcar
    Hertz
    National Car Rental
    Sixt Rent a Car
    Leiebil verden over
    Hvorfor booke med oss
    • Sammenlign selskaper for å få beste rate
    • Ingen kredittkortavgifter
    • Kundesenter åpent mandag-lørdag
    • 24 000 stasjoner verden over
    • Supre priser og den beste servicen siden 1954

    Leiebil i Keflavik - alt Island kan tilby

    Keflavik (som tyder drivvedvik) og den nærliggande hovudstaden Reykjavik utgjer ein turistregion med mange naturlege attraksjonar og stadig fleire interessante attraksjonar.

    Trygt plassert i fremste rad av bioturismeindustrien, topper Island i dag ferielista for mange ferierande, inkludert fjellklatrarar, syklistar, bilferierande og fotografar.

    Ordet 'fredeleg' er naturleg å tenke når ein beskriv det mektige landskapet på Island, som er forståeleg nok når ein ser at store deler av innlandet er folketomt terreng, for å ikkje gløyme at øya har den lågaste folketettleika i Europa.

    Island er heimstad til nokre av planetens største isbrear og verdas fyrste parlament (grunnlagt i 930) og er eit land med lava og flotte fjordar, svarte strender og varme kjelder i skuggen av snødekte klipper. Kort oppsummert er det ein stad med utandørseventyr og tallause moglegheiter for unike miljø rett nedanfor den arktiske sirkelen og i nærleika av Grønland.

    Øyas geotermisk oppvarma vatn og andre manifesteringar av vulkansk aktivitet er godt tatt i bruk for å gi lokale og besøkande nesten 200 naturlig oppvarma symjebasseng plassert rundt Keflavik og resten av Island. Og når du planlegg turen din må du vere klar over at sommardagane er lange med nesten 24 timars dagslys, og på vinteren nesten ingenting, som betyr at eit besøk i lågsesongen er ei heilt anna oppleving.

    Ei anna god nyheit for besøkande på Island med ein leiebil frå Keflavik er at området har få folke, med færre enn 200 000 innbyggjarar i hovudstaden og forstadar, så det er enkelt å komme seg rundt med bil, og problemfritt å kjøyre med lite trafikk.

    Besøkande blir fort imponerte av øyas storslåtte natur, med tilsynelatande endelause tørka lava med mose på toppen som omfamnar Reykjanes så langt auget kan sjå. Heile området rundt Keflavik og Reykjavik blei busett vikingar og keltarar på 800- og 900-talet og allereie i tidleg mellomalder var Keflavik ein levande fiskelandsby, sjølv om byen ikkje blei offisielt grunnlagt før århundrar etter.

    Auto Europe er ein av verdas leiande bilutleigemeklarar med over 24 000 avhentingslokasjoner i meir enn 180 land, som gir deg masser av val når du skal leie bil i Keflavik. Med alt frå Mini, Kompakt, Mellomstorleik og Familiestorleik til luksuskjøretøy, bubilar, stilige SUVer og elegante kabrioletar, har Auto Europe noko for alle budsjett, med det rette køyretøyet til den rette prisen, uansett om det er for ei avslappande helg i Reykjavik eller ein spanande tur rundt Islands berømte ringveg. Du kan booke bil på våre nettsider gjennom søkemotoren vår, eller ved å ringe våre leigebilspesialistar på +49 89 120 89 270.

    Hvordan er trafikken i Keflavik?

    Keflavik er ein liten tettstad med nokre får tusen folk, og trafikkproblem oppstår dermed sjeldan, sjølv i morgon- og ettermiddagsrushet. Med Keflavik internasjonale flyplass like i nærleiken kan det somme tider vere auka trafikk langs hovudveg 41 som koplar tettstaden med Islands hovudstad, Reykjavik, fem mil til nordaust.

    Hvor kan jeg parkere min leiebil i Keflavik?

    Utanom flyplassen der det er mange korttids- og langtidsparkeringsplasser tilgjengelege, har Keflavik fleire parkeringsalternativ i sentrum eller langs den lange sceniske kystpromenaden, i tillegg til at mange av dei lokale hotella har parkeringsplassar. Andre alternativ er det ved dei mange turistattraksjonane i og rundt Keflavik, inkludert Vikingverden og den stadig populære Blå lagune.

    Keflavik flyplass

    Keflavik og hovudstaden på Island, Reykjavik har begge gode moglegheiter for flyreiser, frå Keflavik flyplass, som blei bygd av det amerikanske forsvaret under andre verdskrig. Sidan hovudterminalbygningen opna i 1987 har flyplassen vakse stort med fleire flyselskap (for tida meir enn 30) og stadig fleire passasjerar, som ein ventar snart skal passere 10 millionar i året. Dei viktigaste flyselskapa på Keflavik internasjonale flyplass er American Airlines, Air Canada, Delta, United Airlines, Austrian, easyJet, Lufthansa og British Airways som flyr mellom anna til og frå Los Angeles, Brussel, New York, Geneve, Orlando, Toronto, London, Boston, Dallas, Manchester, Chicago, Washington, Frankfurt og Moskva.

    Keflavik flyplass (KEF)
    Nettside: www.isavia.is/
    Telefon: +354 425 6000
    Adresse: Keflavíkurflugvöllur, 235 Keflavík, Island

    Hva å gjøre i Keflavik

    På grunn av den idylliske plasseringa på Reykjanes-halvøya og nærleik til flyplassen er Keflavik ei utmerka base for å utforske vestkysten på Island, og den hovudstaden Reykjavik som ligg like ved. Det er også i nærleiken av mange andre av øyas mest populære turistattraksjonar, som dei me nemnar nedanfor, som betyr at du har mange moglegheiter til å sjå så mykje av Island som mogleg med din bilutleie i Keflavik.

    • Blå lagune: Ein kort køyretur søraust for Keflavik (berre to mil) tar deg til ein av Islands mest unike naturlege attraksjonar - den vakre og sjarmerande Blå lagune. Her blir du omgitt av måneliknande lavaformasjonar og i det mineralrike og geotermisk oppvarma vatnet er det perfekt å slappe av og slå av ein prat med dei lokale i eit avslappande og roleg miljø.

    • Reykjavik: Nokre av Islands mest verdsette turistattraksjonar er i hovudstaden, Reykjavik, berre fem mil nordaust for Keflavik. Byens turistattraksjonar inkluderer det framifrå nasjonalmuseet med sin store samling av prislause objekt og ei utstilling om busettinga av Island, der moderne Island møter vikingane. Andre ting ein må få med seg er Kulturhuset, Villmarkssenteret og Langjökull isgrotte.

    • Reykjanes halvøy: Keflavik ligg på halvøya Reykjanes, ein av dei vakraste regionane på sydaustlege Island. Heile området er eit aktivt vulkansystem under bakken, som forklarer dei mange varme kjelder og geotermisk aktivitet i og rundt tettstaden.

    • Duus-museet: Det omfattande Duus-museet held til i den moderne båthamna med utsikt til bukta i Keflavik, og er eit fascinerande kulturelt senter som viser mange aspekt av lokalhistoria, i tillegg til ein konserthall og ein serie av utstillingar som dekker ei rekke tema, som kunst og dei mange naturlege attraksjonane i regionen.

    • Vikingverden: Ein av hovudattraksjonane i Keflavik er Vikingverden, med vikingskipet 'Íslendingur' ein kopi av det berømte Gokstad-skipet frå 800-talet, som blei utgrove i Sandar i 1882. Det er også ein regional restaurant og utstillingar som viser viktigheita til Island over århundra.

    Fine dagsturer med min leiebil i Keflavik

    Det er mange ting å gjer med din leiebil i Keflavik, og dei beste delane av øya er tilgjengeleg med bil, særleg dei spektakulære kystregionane, takka vere ringvegen.

    Ringvegen

    Den lange, behagelege køyreturen langs den berømte ringvegen er ein av dei beste måtane å nye det varierte og kontrastrike landskapet. Denne moderne tofeltsvegen går 130 mil rundt øya og ein kan mellom anna sjå isbrear, snødekte fjell og måneliknande landskap og nokre av dei mest ugløymelege utsiktspunkta i verda.

    Vatnajökull nasjonalpark

    Vatnajökull blei etablert i 2008, i søraustlege Island og er ein av dei største nasjonalparkane i Europa, og er mest kjent for sin store iskappe som dekker eit område tre gongar så stort som Luxembourg. Heile parken er proppfull av mektige utsiktspunkt, særleg i sør, som gjerne beskrivast som ein serie med majestetiske fjelltoppar dekka i isbrear som går ned til dei fruktbare områda nedanfor.

    Gullfoss

    Gullfoss, er eit av dei mest fantastiske naturlege attraksjonane på Island, og ein behagelig kjøretur på to timar nordaust for Keflavik. Besøkande har lett for å bli målbundne av dei mektige laga av isvatn som flommar ned på steingrunn, som gir svimlande utsikter og spektakulære fotomoglegheiter.

    Vestfjordane

    Eit utal av utsiktspunkt er tilgjengeleg frå Keflavik, berre ein køyretur til fjordane i nordvest. Det ligg i nærleiken av Grønland, og på klare dagar kan ein sjå over til naboøya. Heile området er rikt på turistattraksjonar og har flotte fossar, lange gyldne strender og sunn lokal mat.

    Geografisk informasjon og historie

    Island er ein av dei yngste landformasjonane på planeten, og blei til for rundt 25 millionar år sidan. Landskapet kjenneteiknast med fossar, geysirar, vulkanar, svarte sandstrender og dampande lavastraumar omgitt av snødekte fjell. Landet er delt inn i sju ulike geografiske regionar (inkludert distriktet i og rundt hovudstaden Reykjavik), og kvar region har sine unike kultur og landskap.

    Når dei første vikingane kom til Island på slutten av 800-talet var øya heilt tom for folk. Tilflyttinga varte frå 870 til 930, og dei første innflyttarane kom frå Noreg, Danmark, Sverige og dei britiske øyer, og starta parlamentet deira, Alþingi (det eldste i verda), og laga eit lovverk. Gardane dei bygde blei laga av ressursane dei hadde tilgjengeleg, som torv, stein, drivved og tømmer, og nokon eksisterer den dag i dag.

    Hvordan komme seg rundt i Keflavik

    Offentleg transport er ganske gunstig mellom flyplassen og sentrum av Keflavik, og ein finn drosjar (som er dyrare) er lett å finne. Byen i seg sjølv er liten og lett å utforske til fots eller med sykkel, i tillegg til at dei som reiser utan mykje bagasje har moglegheita til å rusle til flyplassen.

    Buss

    Det lokale busselskapet heiter Strætó og drifter bussruter til og frå Keflavik og hovudstaden Reykjavik. Frå Reykjavik, der dei fleste turistar overnattar, kan du ta buss til og frå Keflavik flyplass, som tar omtrent 45 minutt. Flybus er namnet på denne ultraeffektive tenesta korresponderer med alle internasjonale flygingar og gir besøkande påliteleg shuttle til og frå hotell. Flyplassekspressen koplar dessutan flyplassen med nokre praktiske lokasjonar i sentrum av Reykjavik.

    Taxi

    Drosjar er det mange av i Keflavik på grunn av nærleiken til flyplassen. Det er fleire selskap ein kan velje mellom, som A-Stödin, Borgarbilastodin, BSR, City Taxi og Hreyfill, som tilbyr påliteleg ferdsel til Keflavik, Reykjavik og lenger.

    Kan jeg leie bobil i Keflavik?

    Utanom leigebil, tilbyr Auto Europe eit utmerka utval av bubilar på Island, inkludert Keflavik. Bubilferiar er populært på grunn av den høge kostnaden på hotell, og moglegheita til å ferdast fritt på ringvegen freistar mange. Du kan leie bubil i Keflavik online med nokre få enkle steg på Auto Europe sine nettsider eller med å ringe reservasjonsspesialistane våre på +49 89 120 89 270.

    Nyttige lenker

    Keflavik (og Reykjanes) turistinfo

    Island Turistinfo