Auto Europe

  • NORGE
  • Kontakt våre bilutleiespesialister

    BILLIG LEIEBIL I BERGEN

    Leiebil verden over
    Alamo Rental Car
    Avis Car Rental
    Budget Rental Car
    Dollar Car Rental
    Europcar
    Hertz
    National Car Rental
    Sixt Rent a Car
    Leiebil verden over
    Hvorfor booke med oss
    • Sammenlign selskaper for å få beste rate
    • Ingen avbestillingsavgift opp til 48 timer før avhenting
    • Ingen kredittkortavgifter
    • Kundesenter åpent 7 dager i uken
    • 24 000 stasjoner verden over

    Leiebil i Bergen – Beste priser med Auto Europe

    Ein leiebil i Bergen er den beste måten å utforske dei fantastiske områda i både sentrum og resten av Vestlandet. Med ein bil booka gjennom Auto Europe rekk du å sjå meir, og du treng heller ikkje å bruke masse tid på å ta offentleg transport til din destinasjon. Me har meir enn 60 års med erfaring i bransjen, og kan tilby våre kundar eit stort utval av bilar til særs gode priser. Kringom Bergen står naturopplevingane i kø, med blant anna Hardangervidda, Sognefjorden og isbreen Folgefonna. Hent din leiebil i Bergen, og start ditt vestlandseventyr!

    Auto Europe har fleire avhentingsstadar både i sentrum og på Bergen flyplass. Utnytt dette for å få eit fleksibelt opphald i Bergen, og finn den beste bilen for deg gjennom vår søkemotor der du kan samanlikne tilbod frå mange utleigarar.

    Hvordan er trafikken i Bergen?

    Det er mange einvegskjøyrde gater i Bergen sentrum så det kan vere lurt med GPS når du skal leie bil i Bergen. Dersom du tar ein feil sving kan du ende opp med å bruke mykje tid til å komme deg tilbake der du var. Ver oppmerksam på fartskamera, og husk at det ikkje er tillate å bruke mobiltelefon når du køyrer. Alle i bilen skal ha på seg bilbelte, og du skal alltid ha med deg gyldig førarkort når du køyrer. Særleg i morgon- og ettermiddagsrushet kan det vere mykje trafikk, så ha det i bakhovudet når du planlegg køyreturen.

    Hvor kan jeg parkere min leiebil i Bergen

    I Bergen er det mange parkeringsmoglegheiter, både på gata og i parkeringshus, men mange av dei førstnemnde er reservert for bebuarar. I sentrum krevjast det ei avgift i tidsperioden 08:00-17:00 på kvardagar, og 08:00-10:00 på laurdagar. Utanfor sentrum er det 08:00-15:00 som gjeld. På sundagar og heilagdagar er det gratis parkering på offentlege plasser. Ein kan betale med kontantar, kort eller med SMS (gjennom EasyPark). Les alltid parkeringsskilt nøye. Det finnes også mange parkeringshus å velje mellom (både offentlege og private) i sentrum, ved kjøpesenter og ved flyplassen.

    Bergen flyplass

    Flyplassen ligg på Flesland, og er den nest travlaste flyplassen i landet med rundt seks millionar passasjerar i året. Dei viktigaste flyselskapa er, ikkje overraskande, SAS, Norwegian og Widerøe, som flyr til mange destinasjonar innanlands og utanlands. Flyplassen blei pussa opp og opna ny terminal i 2017

    Bergen flyplass
    Offisielt namn: Bergen lufthavn, Flesland
    Adresse: Flyplassvegen 555, 5258 Bergen, Norge.
    Telefon: 67 03 15 55
    Heimeside: avinor.no/flyplass/bergen/

    Hva å gjøre i Bergen

    Regnet høljar ofte ned i Bergen, men når det først er skyfritt er byen desto vakrare, og det er mykje ein må gjere her både når det kjem til naturlege og kulturelle attraksjonar. Byen er omringa av sju fjell som er verdt å traske opp, det er mange museum i toppklasse som ein berre må besøke og ikkje minst den segnomsuste Bryggen, som du absolutt bør nyte med ei pølse frå Trekroneren, berre nokre meter unna, med Nord-Europas beste utval av handverkspølser.

    Bryggen
    Bryggen er sjølve turistsenteret i Bergen, og har kort veg til det meste. Bryggen har ei historie heilt tilbake til den spede byrjinga av byen, og har alltid vore sentral i det som skjer i Bergen. Her sendte dei av garde eksportvarer og tok imot importvarer frå Tyskland og andre Hansa-land. Bryggen har mellom anna vore kaldt Tyskebryggen og Hansabryggen, på grunn av viktigheita av Hansa-tida. Bryggen har sidan 1979 vore på UNESCOs verdsarvliste for den eineståande historia ho fortel. I tillegg til den flotte fasaden er det fleire restaurantar, nisjebutikkar og museum som det er verdt å besøke her.

    Vidden
    Vidden er ein gåtur mellom Bergens to kanskje mest berømte fjell, Fløyen og Ulriken. Denne turen er det mogleg å starte frå Bryggen, ettersom ein lett kan nå toppen av Fløyen med anten ein bratt, men fin gåtur, eller rett og slett ta Fløibanen og bli frakta opp på skjener. Mellom Fløyen og Ulriken tek det omtrent fem timar, og med utsikt over byen, fjordar, fjell og mykje meir, er dette noko ein ikkje kan gå glipp av når ein er i Bergen. Ein kan bruke gondolbana Ulriksbanen for å komme og ned frå Ulriken. Ein vel sjølv kva for eit av fjella ein vil starte på.

    Akvariet i Bergen
    Det største akvariet i Norge ligg i Bergen, ytst på Nordnes, og er ein super stad for ein familie å tilbringe dagen. Akvariet har mange sjødyr som ein skulle forvente, faktisk heile 40 artar, mellom anna piraja, blekksprut, krokodille, men det er kanskje pingvinane Akvariet er best kjent for, og har blitt tilteke av Det akademiske kvarter som deira maskot. Du kan dagleg sjå at dei blir fora, noko Erna Solberg arbeidde med før ho blei statsminister.

    Fine dagsturer med en leiebil i Bergen

    Med ein leiebil i Bergen får du moglegheita til å oppleve det vakre Vestlandet, med alle sine fagre fjordar, fjell og rike kultur. Uansett om du vil plukka plommer i Hardanger eller utforske Sognefjorden har du mykje å sjå fram til. Ettersom det kan vere vanskeleg å velje frå alle moglegheitene på vakre Vestlandet, har me plukka ut nokre av våre favorittar, som ein har ein ypparleg sjanse til å utforske frå Bergen:

    Balestrand
    Det er gode grunnar til at Balestrand blir kalla Perla i Sognefjorden. Denne fjordbygda er utfordra av få andre, og for å toppe besøket, må ein berre overnatte på det praktfulle Kviknes hotell. Wilhelm II, Tysklands siste keisar, var ofte her og nøyt dei vakre omgivnadane. Balestrand er omtrent 20 mil og ein ferjetur frå Bergen, og har attraksjonar som den engelske kyrkja, eit akvarium og mange turmoglegheitar. Du vil definitivt ikkje gå glipp av den eksemplariske siderprodusenten Balholm, som ligg idyllisk til i Villavegen.

    Voss
    Når ein er i dei tusen tunellanes land er det vel verdt å ta ein tur til Voss, som er kjent for sin ekstremsport, råe natur og tradisjonsrike kultur. Her må ein prøve gode gamle rettar som vossakorv og smalahove, og for å få den autentiske opplevinga kombinerer ein vossakorven med komletorsdag. Med Voss Gondol kjem du deg opp Hanguren, og får ei fantastisk utsikt over bygda. Ein skitur i vakre Myrkdalen er heller ikkje å forakte. Ein bør heller ikkje gå glipp kveik, ein unik norsk ølgjær som har blitt dyrka fram på gardar på Vestlandet i generasjonar, og vossakveiken er ein av dei mest berømte og gir aroma av appelsin.

    Hardangervidda
    Hardangervidda er den største nasjonalparken i Noreg, og omfattar eit fjellplatå på omtrent 8 000 kvadratkilometer 16 mil frå Bergen. Turistforeininga har mange hytter der og har merka opp ruter slik at ein ikkje skal gå seg vill. Her kan du oppleve ein av dei største stammane med ville rein i deira naturlege habitat. Forholda kan endre seg raskt, og ein bør ha fjellvettreglane i bakhovudet, særleg på vinterstid, då kolonnekøyring eller stengde vegar kan førekomme. Med alle sine fjordar, fjell, fossar, dalar, isbrear og mykje meir er dette absolutt ein tur du bør unne deg.

    Geografisk informasjon og historie

    Bergen er den største byen i Vestland fylke med nesten 300 000 innbyggjarar, og grenser til Raunefjorden, Byfjorden, Salhusfjorden, Sørfjorden og Lysefjorden. Bergens høgste punkt er Gullfjellet (987 moh.), og Bryggen er eit velkjent landemerke med sine ikoniske trehus. Ta ein tur med Fløibanen og nyt av utsikta oppe på Fløyen. Her ser du både byen og fjorden med alle øyene. Det kjem ein del regn i Bergen, ettersom byen ligg mellom sju fjell (Ulriken, Fløyfjellet, Rundemanen, Sandviksfjellet, Løvstakken, Damsgårdsfjellet og Lyderhorn), så sørg for at paraplyteknikken er på plass. Frå Bergen er det enkelt å ta seg til andre destinasjonar i Noreg. Kva med ein tur til Voss (99 km), Haugesund (117 km) eller Førde (186 km)?

    Bjørgvin blei grunnlagt i 1070, då kong Olav Kyrre bygde ei kyrkje og ein kongsgård. Heilt sidan grunnlegginga spelte Hanseatane ei stor rolle, og frå 1300-talet til midten av 1700-talet var Bryggen knutepunktet for Hansaforbundet i Noreg. Her handla kjøpmenn frå heile landet med sine europeiske kollegar. Det var også her eit engelsk handelsskip i 1349 kom med svartedauden til Noreg, og halverte folketalet, som fekk store konsekvensar. Sjølv om det var her pesten starta i Noreg, hadde Bergen ei stor vekst takka vere handelen med Europa, og var den største byen i landet lenge. Bjørgvin endra namn til Bergen rundt 1300-talet, kanskje fordi det var lettare for tyskarar, då dette var eit kjent namn i tyskspråklege område. Sidan år 1300 har Bergen vore sete for Gulatinget, forløparen til Gulating lagmannsrett, og sidan år 1170 har Bergen vore Bispesete for Bjørgvin Bispedømme.

    Hvordan reise rundt i Bergen?

    Kollektivselskapet i Bergen heiter Skyss, og betener gamle Hordaland. Buss og Bybanen brukast hovudsakleg for å komme seg inn og ut av sentrum, då heile bykjernen er spaserbar. Om ein skal utanfor sentrum kan ein også vurdere bilutleie i Bergen.

    Ferge / Båt
    Det går ei ferge mellom Dreggekaien og Munkebryggen, under namnet Beffen. Hurtigruta stopper i Bergen og kan ta deg langs kysta. MS Bergensfjord tar deg mellom Stavanger og Bergen. Norled tilbyr sightseeingturar med båt langs kysten.

    Buss
    Bussane tek deg rundt Bergen og til områda omkring byen, blant anna Lysøen, Voss og Hardangerfjorden. Dei viktigaste busshaldeplassane er Olav Kyrres gate og Christies gate, der dei fleste rutebussar stoppar. Flybussen går til Bergen flyplass kvart 15. minutt på kvardagar. Det er også ekspressbussar til andre destinasjonar som til dømes Sandnes, Stavanger og Haugesund.

    Tog
    Bergensbanen er ein fantastisk måte å reise frå Oslo over fjellet til vakre Bergen.

    Bybanen
    Bybanen er ein kjent og kjær måte å reise mellom Bergen sentrum og Flesland i sør, og alt i mellom. Det er ein fin måte å reise i byen og stopper mellom anna på Bergen Storsenter, Danmarksplass, Fantoft, Lagunen og Kokstad.

    Taxi
    Det er to taxiselskap i Bergen som kan ta deg til ønska destinasjon. Sørg for at taxien har løyve, då piratdrosjar er ulovlege.

    Nyttige lenker

    Turistinformasjon Bergen